Fellestur-Storehanen

Torsdag 29.september vart årets siste fellestur arrangert. Denne gongen gjekk turen til Storehanen og det var 11 deltakarar med på turen. Det var svært flott temperatur - faktisk over 20 varmegrader (!) noko som ikkje har vore så mykje av dette året. Storehanen ligg fint tilgjengelig på moltusida, ein kan benytte Sædalsvegen både frå Moltu og Gjerdsvika. Dette var siste fellesturen for i år, men vi håper på å fortsette opplegget neste år. Då håper vi på ein betre sommar og mange nye turgåarar. Velkomen til alle!