Kino

I eit fullsatt Vonheim feira i Vågen skulekorps i ettermiddag sitt 50-års jubileum. Som alle kjenner vart Haugshorn og Vågen skulekorps i 2008 suksessfullt samanslege til eit felles Gursken skulekorps. No var det heilt på sin plass å markere at det i år er 50 år sidan m.a. Palmar Muren, Jostein Knotten og Asbjørn Dyrhol tok initiativet til stiftinga av Måken (seinare kalla Vågen skulekorps). I anledning denne markeringa hadde Arild Knotten og dei dyktige musikantane som danna Vågen skulekorps i dei suksessfulde 90-åra der korpset fikk ein rekke prisar, fått til ei gjenforening av mange av musikantane. Etter ei hektisk øvingshelg toppa dei helga med ein flott konsert saman med dagens skulekorps og aspirantane. Eit entusiastisk publikum i eit fullsett Vonheim sette stor pris på konserten og trampeklappen som vart musikantane til del etter endt konsert, var VELDIG fortjent. Vel blåst alle saman! 
 NB! Litt dårlig lyd på opptaket - men vi legg det ut likevel, slik at du kan få eit inntrykk av kor kjekt vi hadde det vi som sat i salen :)