Ja, då har vi fått
gjennomført årets utgave av Gurskøya rundt. I år var det dessverre ein veldig
våt dag, slik at deltakinga vart litt redusert. Her i Gursken var det 30 startande.
Totalt starta 142. Det er slik at nokon startar uansett ver, Tommy Kleppe er
ein av dei og fekk i år 25 års statuetten.
Leiv Vasstrand er også ein av dei trufaste og gjennomførde for 15. gong.
Vidare fekk Åge
Sandvik og Kim Sætre 5 års utmerkelsar.
Også i år vart det
trekt ut premiar blant dei startande. Åge Sandvik vann ein sykkelhjelm gitt av
G-Sport Hofseth. Almestad kiosken gav to gavekort a 100.-kr. Desse vart vunne
av Torstein Helland og Martinus Dyrhol. Hovedpremien (ein sykkel) som også i år
var gitt av G-Sport Igesund, vart vunne av 12 år gamle Martin Kvalsund Moltu
som starta på Moltustranda.
Vi ønsker vel møtt neste år, som vert det 29. Gurskøya Rundt