Gardsbakeriet STEINGODT

Gardsbakeriet Steingodt opna i Sandvika 27.april

I ettermiddag opna Ingunn og Bjørn Bols gardsbakeriet STEINGODT på garden sin nede i Sandvika. Frå kl.14:00 og utover, kunne dei besøkande vere med på innviinga av dette flotte bygget ved vegen ned i Sandvika. Her serverte Ingunn og Bjørn nydelege nybakte rosinbollar, varm eplekake (med vaniljekrem ..hmmmmm, nydeleg godt! :-)) og nytrakta kaffi. 

Gardsbakeriet ligg flott til tett ved vegen, bygd tett inntil bergknausane og med eit nydeleg utsikt utover Sandvikstranda og havet utover mot Sandsøya. Ei lita perle dette....!

Ingunn skal her kvar onsdag kl 14:00 og utover nokre timar, selge eigenbaka steinovnbakte brød. Nokre av naboane nede i Sandvika har i tida før opninga, fått prøvesmaka dei ulike brødsortane med svært positive tilbakemeldingar. Vi som møtte opp første dagen fekk velge mellom ulike sortar steinsovnbakte brød ( halvgrov, grove, 4-korns, kneipp, loff og landbrød). Brøda vart prøvesmakt umiddelbart då vi kom heim - og dommen var eintydig; Steinsovnsbakte brød frå Gardsbakeriet Steinegodt var kjempegode. Vi trur dette vert ein slager og anbefalar på det varmaste eit besøk og ein handel!  

Ingunn og Bjørn har oppretta eiga heimeside for gardsbakeriet. Sida finn du på http://www.steingodt.no/
Besøk også gjerne heimesida for Sandvika gård
http://www.bols.no 

Nedanfor ser de diverse bilete teke på opningsdagen. Vi gratulerer samstundes Ingunn og Bjørn med opninga og ønskjer lukke til med drifta av dette flotte prosjektet!

   

Hmmmmmm.....kjempegodt!

Bjørn og Ingunn - klar til å ta mot kunder

Dei første kundane nyt nydeleg bakverk og nytrakta kaffi

Prisane :-)

Eldhuset Steingodt ligg nydeleg til mellom bergknausane ved vegen i Sandvika ;-)

Karl Sandvik - ein av dei første kundane. Tydeleg nøgd ;-)

Thomas sikra seg kveldsmat ;-)

Eit besøk til Ingunn og Bjørn sitt eldhus STEINGODT anbefalast på det varmaste!