Fellesturane til idrettslaga på Gurskøya
går sin gang, denne gongen har vi vore på Storetua (592m).
Gursken I.L. var arrangør på denne turen.
Vi møttest ved klubbhuset på Gursken stadion, deretter
køyrde vi første stykket opp til vassverket
på Holtane og starta å gå derifrå. Veret var ikkje det aller beste, det hadde
stort sett regna heile dagen men letta opp til vi skulle gå. Skodda derimot
ville ikkje flytte seg så utsikta var rett og slett fråverande.
Turfølget denne gongen talde 18 personar og
ein hund, alle med god turlyst og godt humør. Praten oppetter fjellsida gikk
lett, og var også pynta med gode skrøner og historier. Så hvis nokon har høyrt
latter oppe i skodda kom det nok frå oss.
Sidan skodda låg tung fekk vi ikkje sett
noko særleg denne gongen, men vi hadde ein kjekk tur med godt sosialt samvær.
Vi gled oss til neste tur som går 11.08 til Selsteinen. Då er det Tjørvåg I.L.
som arrangerer.