STORSTILT OPNING AV RIVER PLATE
Den kombinerte baneopninga og jonsokfeiringa i Gursken vart ein kjempesukssess til tross for at værgudane ikkje heilt spelte på lag med oss. Men dei mange frammøtte hadde kledd seg etter tilhøva - og under paraplyar og regnfrakkar trur vi at både unge og gamle storkosa seg på denne festkvelden i Gursken.
Gursken si kunstgrasbane River Plate framstår som eit praktanlegg - ja, fleire hevda at dette er den beste kunstgrasbanen i heile landet! Fotballpresident Yngve Hallén hadde teke turen frå Oslo for å stå føre den storslåtte opninga av banen - ein flott gest til Gursken IL dette!
Det vart teke mange bilder gjennom heile dette arrangementet - her kan du sjå nokre av desse. Om du skulle ha blinkskudd som du gjerne kunne tenke deg å dele med andre så send dei til kaaris63@gmail.com så skal vi legge ut bilda her på denne sida.