Utdeling av fjelldiplom

Utdeling av fjelldiplom

 

Søndag 19.06.2011. hadde Gursken I.L. Utdeling av fjelldiplom og premiar til turgåarane. I tråd med gamle tradisjonar samlast ein då på Knottahornet. Veret er alltid ein litt spennande faktor, denne gongen såg skodda litt skummel ut. Men ho letta litt opp og når vi kom oppover kom vi også over den, sjølv om ho låg litt lenger ute og også sørover i Haugsfjorden.

Det vart delt ut «Fjellplom» til alle som hadde vore på alle toppane, pluss barn som hadde samla over 30 poeng. Det var 34 stk som fekk denne. I tillegg vart det premie for den som hadde flest poeng. Dette var Bente V. Djupvik, ho vart premiert med rumpeveske som var gitt av G-Sport Hofseth. Beste familie vart Odea og Thomas Andersson. Dei fekk velværeprodukter frå Boots Apotek Ulsteinvik. Vidare vart det trekt eit gåvekort blant deltakarane. Dette var gitt av Hårreisande – Økologisk velværesenter, og vart vunne av Terje Sætre.

Vi hadde ei fin stund oppe i sola og vi hadde også fruktservering, som så vanlig var sponsa av John Gjerde AS. Vi vil også nytte høvet til å ønske alle nye og gamle turgåarar god tur ut på ny fjelltrim.