Ymse som kan interessere ein Gursking :-)

07.november 2011: Over 300 000 "hits" på www.gursken.com

I løpet av helga vi no har lagt bak oss, har www.gursken.com runda 300 000 sidebesøk, sidan oppstarten i mai 2009. Dette betyr at heimesida sidan oppstarten for 2,5 år sidan, har hatt eit snitt på litt over  2 300 "hits" pr.veke (og nesten 330 "hits" pr.dag)!! Dette synest vi er kjempebra i ei lita bygd med rundt 800 innbyggjarar !!!!

Heimesida for bygda vår kan heilt sikkert verte enda bedre. Med så mange besøk så har sida heilt klart vorte ein veldig viktig informasjonskanal, noko som alle lag og organisasjonar bør merke seg - www.gursken.com er heilt klart den rette plassen for å informere sine medbygdingar om små og store hendingar! 

Det er fortsatt ledig kapasitet på sida, så om det er fleire som kunne tenke seg å verte ein del av denne viktige informasjonskjelda i bygda vår, så er det berre å ta kontakt med web-ansvarleg ;-).

Heimesida hadde ikkje fungert så godt som den gjer utan at tillitsvalde i dei ulike laga og organisasjonane, hadde teke på seg arbeidet med jamnleg å legge inn nyhende og informasjon frå "sin" organisasjon - noko som desse personane fortjener stor honnør for :-).

Til slutt ei oppfordring til alle lag og organisasjonar i bygda om å fortsatt halde oppe trykket mht. å informere gjennom www.gursken.com . Om du og/eller din organisasjon har noko du gjerne vil spre til bygda sine innbyggjarar, så er det liten tvil om at denne heimesida er ein av dei beste plassane å spre bodskapen på!

Kåre Roger Rødseth 
web-ansvarleg, www.gursken.com  
 

M/S Haugstad på torskefiske.
Den 18. mars; I dag var det dårleg ver for "Haugstad". Det bles storm på Svinøya og vi hadde 3 timar å gå til land.
Fikk tatt vindusvasken skikkelig!!





På denne sida legger vi saker og ting som ikkje passer inn under dei "faste" sidene på www.gursken.com  

Kom gjerne med innspel og forslag til tekst, bilder og/eller videosnuttar som måtte passe på side for Gurskinga.
 

10.11.09 - På besøk hos KometKnut

Vi har lenge hatt lyst til å besøke astronomisenteret "Kometland" til Knut B Aarset i Volda og ein mørk novemberkveld bestemte vi oss for ta steget. Vi ringde inn kvelden før for å avtale tid(Trur det går å ringe samme dag). Veret var strålande og vi fekk sjå både Jupiter og mykje anna rart. Det er imponerande det han har bygd opp der inne med pengar frå eiga lomme. På bildet ser du Peder Kleppe ilag med teleskopet som vi fekk bruke for å sjå på stjernehimmelen. Vi var 4 stk frå Gursken pluss 5 frå Djupvika som hadde ein time med "KometKnut" som han likar å kalle seg. Senteret ligg 10 minutts gonge ifrå øverste vegen nordvest for Volda og det kostar ca ein hundrelapp pr. snute for ein time. For å få best utnyttelse av turen anbefaler eg maks 6 stk pr. time.

For dei som interesserar seg for stjernehimmelen er dette ei flott oppleving og anbefales.

For timebestilling: 4812 4646

www.kometland.no