23.11.2010 Synfaring med entreprenør for grunnarbeid

I dag har representantar for Volda maskin, kommunal byggjeleiar Kjell Hauge og Gursken IL v/Tore Almestad hatt synfaring på kunstgrasbana. Volda Maskin As vil vere ansvarlig for grunnarbeidet, etter at dei har vunne anbodskonkurransen. Gursken IL ser seg godt fornøgd med valet av Volda Maskin. Dei har erfaring frå grunnarbeid på kunstgrasanlegg, og har ein god og moderne maskinpark som gjer dei godt kvalifisert for jobben.

Etter synfaringa i dag kan vi vente at dei fyrste maskinene er i arbeid innan eit par-tre veker! Fyrste del av arbeidet vil bestå i å renske sida opp mot skulen, planere løpebana mot sør, samt planere og masseutskifte innste delen av bana mot den gamle skuleplassen.

Når det gjeld kunstgrasleverandør, ligg kommuna i forhandlingar om dette, så det vil vi kome tilbake til på eit seinare tidspunkt.

04.10.2010 Dugnadsoppstart på kunstgrasbana

Nå er vi endelig i gang med realisering av kunstgrasbana. Kommuna sender i desse dagar ut prosjektet på anbod. I løpet av november/desember vil dei fyrste gravearbeida starte. Anlegget skal stå ferdig 31. mai 2011.

 

Idrettslaget si finansiering består mellom anna av dugnad. Vi skal i fyrste omgong gjere området klart for anleggsmaskinane. Dette inneber saging av skog mot elva, fjerning av mål, fjerning av ballfengenett og fjerning av lysanlegg.

Alle medlemmar i fotballgruppa vil verte innkalla til dugnad i løpet av prosjektperioden.

 

I tillegg ynskjer vi å invitere alle som er interesserte til å bidra med nokre dugnadstimar for det flotte anlegget vi er i ferd med å realisere.

 

Dei fyrste dugnadane vert gjennomført:

LAURDAG 9. OKTOBER KL. 11.00 – 15.00

ONSDAG13. OKTOBER KL. 17.00 – 20.00

LAURDAG 16. OKTOBER KL. 11.00 – 15.00 

Bilder frå dugnader:
 http://www.gursken.com/31487056

 

VELKOMMEN PÅ DUGNAD!


 

Prosjektgruppa for KGB

v/Tore Almestad

21.06.2010 Oppstart av anleggsperiode

Sande kommune har nå godkjent prosjektoppstart for bygging av kunstgrasbana på "River Plate". I veke 25 vil idrettslaget og kommunen sin sakshandsamar gjennomføre oppstartsmøte der framdriftsplanen vert spikra. Vi reknar med at anbodsrunde vil skje i løpet av august/september. Vi har sett oss nødt til å strekke anleggsperioda noko i høve dei planane vi la i fyrste omgong, men ikkje meir enn at vi skal ha sluttført anlegget med ferdig kunstgrasdekke innan 31.mai 2011. Så kanskje vi allereie i dag kan planlegge at neste års jonsokfeiring blir åpningsfest av kunstgrasbana på "River Plate". Vi takkar alle som har støtta idrettslaget sitt prosjekt så langt. Utan alle desse bidraga hadde vi ikkje vore ved denne milepælen i dag. Takk!

Informasjon om andelssalget i kunstgrasbana

Andelssalget i kunstgrasbana vil for alvor merkes rundt i bygda vår over nyttår. Då vil representantar frå Gursken IL besøke alle husstandar. Alle vil få tilbod om å støtte realiseringa av dette viktige prosjektet for bygda vår.

 

Andelssalget er delt i to delar:

 

  1. 1 – 4 andelar à 1000,- kr. Kjøper ein 1 – 4 andelar får ein eit andelsbrev som bevis. I tillegg vil ein få namnet sitt på eit skilt ved stadion, saman med alle andre andelseigarar.
  2. Ein kan kjøpe felt i bana. Desse kostar 5000,- og 10.000,- kr. Her vel ein sjølv kor stort felt ein vil kjøpe. Felteigarane får andelsbrev som bevis, samt at bana blir trykt opp som eit skilt der felteigarane er oppført.

 

Gursken IL vil vere tydelige på at alle bidrag er like viktige.

 

Dersom ein ynskjer informasjon om andelssalget eller allereie no teikne seg, kan ein kontakte Tore Almestad på tlf 95933931.

 

Vi vonar alle tek godt i mot seljarane!

23.10.09: Eit steg nærmare kunstgras på River Plate!!

Gursken IL har fått 550.000,- kr i støtte til kunstgrasbana frå Sande Næringsforum. Dette bidraget gjer at vi no er komne svært langt i finansieringsarbeidet av bana.

 

Gursken IL vil takke næringslivet i Sande for at dei stiller seg bak arbeidet til Gursken IL i realiseringa av kunstgrasbana.

Spesielt vil vi takke Myklebust verft v/Odd Borgund og næringskonsulent Jon Georg Larsen, for det engasjementet dei har vist i saka.

 

Gursken IL oppmodar alle til å engasjere seg i realiseringa av kunstgrasbana og ta vel i mot representantar som etter kvart vil besøke kvar husstand i forbindelse med eit andelsprogram ein kan ta del i.