Vyrde Mannskor og Vox Virorum fekk gode tilbakemeldingar av publikum etter ekte mannskor-konsert i Hareidhallen søndag 24.oktober.
Etter mange arrangement over fleire dagar på Hareid, var det over forventning at det møtte opp nær på 200 for å høyre vakker mannskorsong.
Vox Virorum gjorde som vanleg eit solid inntrykk med eit repertoar som spente frå norske folketoner og viser til verdslege songar. Reine, fine stemmer, og publikum sette stor pris på heimekoret sitt.
Vyrde sin programleiar Sigbjørn Notøy er som skapt for akkurat den rolla. Med glimt i auget og snert i replikken tok han mellom songane publikum med på delar av Vyrde si 20 år lange historie.
Dirigent Øyvind Granden Berg var godt nøgd med den siste av jubileumskonsertane i år, og det er godt både å sjå og høyre Vyrde når dei kan noter og tekster og har latt notehefta ligg att heime.
Så var det pianotalentet Kristian Olav Vågen frå Gursken: Han hadde øvd heile Bohemian Rhapsody, spelte utan noter, og følgde dirigenten som ein godt erfaren pianist. Han fekk solid applaus frå publikum, og Vyrde takkar så mykje for det fine akkompagnementet!
Vi vonar Kristian kan vere med på fleire oppdrag seinare, og vi ønskjer lukke til med speleoppdraga han har i førjulstida!
Hareidstemnet er historie, men nye kapittel skal skrivast. Vyrde øver no fram til julekonsertar saman med Sirene i Ørsta kyrkje og Gursken kyrkje 11. og 12 desember. Begge dagar startar konsertane kl 18.00.
19.desember kl 16 er det Sandetun som får besøk av Vyrde, og kl 17 same dag er koret å høyre i Larsnes kyrkje.