GURSKEN/LARSNES A-LAG

www.lgfk.no

A-laget har eiga heimeside på linken:
www.lgfk.no

Velkommen til hjemmesiden vår

17/01: Informasjon

Larsnes/Gursken sitt lag i 3.divisjon samt Larsnes/Gursken sitt rekruttlag i 5.divisjon vil i 2011 verte drifta av ei gruppe tilsvarande styret i Larsnes/Gursken FK. Denne gruppa består av Halldis Moltu (leiar), Vebjørn Torset, Kåre Fjørtoft, Marius Gunnarstein, Eva Lynge og Tor Arne Dyrhol.

Denne gruppa vil ha både sportsleg og økonomisk ansvar for drifta av dei to laga med fullmakter frå Larsnes IL som formelt administrerer laga. Etter sesongen 2011 vil begge laga verte overførte til Larsnes/Gursken FK som då også vil ha det formelle ansvaret frå og med sesongen 2012. Denne gruppa fungerer også som kontaktpersonar for dei to laga.

Hovedarena for 3.divisjonslaget i 2011 vert Larsnes Stadion og reservearena vert Gursken Stadion. Hoveddraktene vert dei raude og svarte milan-draktene som laget også brukte mykje i fjor.

Styra i Gursken IL, Larsnes IL og Larsnes/Gursken FK er einige om denne løysinga. Nyheiter om desse laga finn du på: www.gl-fotball.net

A-laget heiter no Larsnes/Gursken FK!

Tirsdag 09.11.2010 vart det skipa ein ny fotballklubb i Sande! Med ordførar Dag Vaagen til å trekke namnet opp av hatten, vart det "Larsnes/Gursken FK" som vert det nye namnet på klubben.
Halldis Moltu vart valgt til leiar med Vebjørn Torset som nestleiar. Dei to damene (bildet)som kom inn i styret er Halldis Moltu og Eva Lynge styremedlem.
Vi ynskjer den nye fotballklubben lukke til i neste års 3 div!!
http://www.gursken.com/25369818

29.09.10 Årets siste heimekamp på Gursken Stadion!

Søndag 3 okt. kl 1500 går siste heimekampen på stadion. Gursken/Larsnes toppar serietabellen med 3 poeng ned til Ørsta på andre plass. Dersom vi skal halde plassen må vi ha seier mot Langevåg, som ligg 6 poeng bak på 3 plass. Sjå tabellen her:  http://www.gl-fotball.net/28737226      I vårkampen borte mot Langevåg banka vi til og vann 6-1! Ein historisk seier mot ein av dei virkelege aristokratane i sunnmørsfotballen. Vi skal spele mot Ørskog borte i neste kamp og avsluttar mot Ørsta (på Larsnes Stadion) i siste kampen for sesongen! Denne kampen kan verte avgjerande for opprykk til 3 div!
 Vi håper på masse folk på kampen som vil heie heimelaget til seier! Vel møtt på kamp!!

2010 - sesongen: A-laget med eiga heimeside

06.07.10
Til ferien topper Gursken/Larsnes 4.divisjon med 3 poengs ledelse og svært god målforskjel (ett ekstra poeng?)! Du følger A-Laget tett på lagets eiga side med kampreferater, bilder, treningstider, kamper etc. Les meir her:  www.gl-fotball.net

Oppmann for A-laget: Eva Andreassen Lynge

Eva Andreassen Lynge
tlf. 97772736
mail:
l-lynge@online.no