 |
 |
|
 |
 |
Britt og Arnljot var først ute.
Romjulsmarsj 2011
Det vart ikkje den store oppslutninga på Romjulsmarsjen i år, men trimgruppa sende avstad omlag 20 sprekingar. Etter turen rundt Sandvika kom dei fleste innom gamleskulen til tradisjonen med aniskringle, gløgg, Jim Reeves m.m. Yngste deltakar, 2 1/2 år gamle Ada Notøy Sandvik har vore med kvar jul i sitt unge liv og var glad for ein matbit og litt varme i gamleskulen.
Bygdavandring på Knotten
Kulturlaget arrangerer bygdavandring på Knotten søndag 19.juni kl.14.00.
Petter Knotten og Melvin Knotten fortel frå tidlegare tider.
Start ved bedehuset.
Gurskenkalender for 2011 til sals
No kan du kjøpe Gurskenkalenderen 2011. Den er å få kjøpt på Joker Gursken eller ved å henvende seg til Gursken kulturlag. Det er også råd å få den tilsendt og prisen er kr 150,00 pluss evt. porto. Ring Brit Gurskevik eller Bodil Søvre. Kulturlaget har også fine kort med motiv frå Gursken til sals.
Romjulsmarsj 2010
Årets romjulsmarsj vart avvikla 26 des. Sjå fleire bilder på linken fotoalbum Romjulsmarsj 2010
Bygdavandring på Myklebust 20.juni
Søndag 20.juni kl.13.30 arrangerer kulturlaget ny bygdavandring. Vi skal starte ved Sylveig Myklebust og gå framover Myklebust mot Bøe. Møyfrid Tveten, Olav Myklebust og Jarle takseth skal "guide" oss. Ta gjerne med kaffi, så tek vi ein rast undervegs. Vi håper på stort frammøte. Helsing styret.
Flotte dåpskjolar til utlån.
Er det nokon som treng å låne dåpskjole? Mange hugsar sikkert at det har vore høve til å låne dåpskjolar i bygdene tidlegare. Gursken kulturlag har no fått tre flotte kjolar frå det tidlegare husmorlaget i inste-Gursken. Då dei er fine som nye kan det tenkjast at nokon vil låne dei framleis. Ilag med kjolane fyl det ei bok der det er skrive opp kven som har lånt dei. Den fyrste er frå 1959 og den siste i 1985. Visst nokon er interessert, er det berre å kontakte Gursken kulturlag. To av kjolane er heilt like .
Kalenderen for 2010 snart klar
No er kulturlaget snart klar med årets kalender. Vi trur det er mange som vil finne interessante bilde også i år. Dersom alt går etter planen, skal kalenderen vere klar for salg den 14. nov. Først og fremst på Joker Gursken, men den vert også seld på julemessa i "Lødå" i Vik den 14. og på Sandemessa helga etter. Elles kan du bestille hos Bodil Søvre ( mob. 95267476) og Brit Gurskevik (mob. 91588529) så sender vi. Prisen er kr.150.-(+ evt. porto)
Bygdavandring i Sandvika
Kulturlaget inviterer alle til vandring i Sandvika søndag 20. sept kl 13.30. Møt opp ved vegen til badestranda. Vi skal gå rundt vika og framover dalen. Vi får m.a. sjå innom garden til Karl B Sandvik. Ta med kaffi, så tek vi ein rast visst veret tillet det. Vi håper så mange som mogleg nyttar sjansen til å få høyre om folk og liv i Sandvika i " gamle dagar". Styret
2009 -09.10 Karakveldar på gamleskulen
Vi minner om "karakveldane" på gamleskulen i Vågen annankvar onsdag kl 20.00. ( Vi har ope i oddetalsvekene) Alle karar, unge og eldre, er velkomne til ein god prat om stort og smått. Kaffe og vaflar vert servert mot ei lita betaling. Sjå lapp på butikken
2009-06-14: Bygdavandring i Haugsbygda
Bygdavandring i Haugsbygda 14.juni 2009
Flott tur med ca 40 deltakarar.
Det var flott ver og ein lydhøyrd gjeng som fekk høyre frå livet i Hagen og Rødset i "gamle dagar". Kjellaug Søvre, Harald Rødseth og Arvid Larsen tok føre seg kvar sin del og forskjellige epoker, Folk kosa seg også med medbrakt niste. Neste tur vert etter ferien og mest sannsynleg i Sandvika. Vi kjem attende med dato.
Bilda syner Kjellaug Søvre som hugsar barndomsåra i Hagen, Arvid Larsen fortel om gravrøysene, Jentoft Furstrand tek kaffipause, fotografi som vart funne ombord i flyet som styrta ved Rødset, Harald Rødseth med eit silketørkle som også vart funne ombord i flyet
.
Sjå bileta her: http://www.gursken.com/25369813
2009-05-10 Bygdevandring
Søndag 14. juni vil kulturlaget prøve å få til ei ny bygdevandring. Denne gongen vil turen gå i ytste delen av Haugsbygda , frå Hagebakken til Rødseth. Vi vil få høyre nærmare om det britiske flyet som styrta under krigen og om gravrøysene frå tidlegare tider. Vi kjem att med klokkeslett
2009-04-27 Nytt styre i Gursken Kulturlag
På årsmøtet 25. mars 2009 vart dette styret valt: Leiar Møyfrid Tveten, nestleiar Erling Aurvoll, kasserar Jarle Takseth, styremedlemar Bodil Søvre, Bodil Dahl og Brit Gurskevik. Vara Mariann Notøy
2009-03-18 Årsmøte i kulturlaget
Det vert årsmøte i Gursken kulturlag onsdag 25.mars kl. 19. Møtet vert på gamleskulen og i tillegg til vanlege årsmøtesaker skal Palmar Muren vise filmar frå fjorden som vart tekne for 20-30 år sidan.
|
|
 |