 |
 |
|
 |
 |
Årsmøte i Gursken skulekorps
Torsdag 9.februar kl 18.00
v/
Gursken
Oppvekstsenter
Saker frå
medlemmane
/foreldra må
vere
styret
v/Dagbjørn Myklelbust
i hende
seinast
torsdag 02. februar.
Kontaktinfo til Dagbjørn Myklebust
Tlf: 90545468
E-post:
dagbjorn.myklebust@ulsteingroup.com
NB!
-
Det vert foreldremøte etter Årsmøtet
-
Vi har sagt ja til å vaske båt for Myklebust Verft. Nærmare info kjem når vi har fått dato og omfang.
nov 2011 - Gursken skulekorps spelar ved båtdåp og på Sandemessa
Fredag 18 november spelar Gursken skulekorps under dåp ved Myklebust Verft.
Søndag 20 november kan du høyre korpset på Sandemessa. Vi spelar ca kl. 15.
50 års markering for oppstart av Vågen skulekorps.
Søndag 23.10 kl. 16:00 blir det stor jubileumssamling på Vonheim. Kjøp av kaker, kaffi, pølser og årar.
I år er det 50 år sidan Vågen skulekorps vart starta. I den anledning har vi innvitert dei som var aktive i åra 1989 til 2000 til ei mimrehelg med mykje speling og løye. Dette jubileumskorpset vil med Arild Knotten i spissen øve fredag, laurdag og søndag før helga blir avslutta med ein jubileumskonsert i lag med Gursken skulekorps, dagens aspirantar og drilljenter.
Vel møt Helsing Gursken skulekorps
Sjå også --> https://www.facebook.com/event.php?eid=296774090338697
20111015 - Gursken skulekorps deltek på presentasjonstilstelning
Gursken skulekorps deltek med hovudkorps og 2 års aspirantar på presentasjonssamling på Vonheim.
Søndag 16 oktober arrangerar Haugsbygda kvinne og familielag presentasjonssamling for nye innbyggarar på Vonheim kl. 16:00. Målet er å vise kva bygda kan tilby av fritidsaktivitetar.
Tilstelninga er lukka og kun for spesielt inviterte.
Gursken Skulekorps til Flatøy Holidays !
Søndag 4 september markerar vi starten på sesong 2011/2012 med å ta med oss alle medlemmar (drill, aspirantar og hovedkorps) til Flatøy Holidays. Der skal vi kose oss med leik, moro og god mat. Vi håpar flest mogleg har anledning til å vere med.
Om du ikkje har vore med tidlegare er det berre å melde seg på tlf 95060307 (Nina) så er du hjarteleg velkomen til å vere med i eit flott fellesskap. Gi gjerne tips om du vil melde deg på drill eller korps.
Helsing styret for Gursken skulekorps.
Takk for ein flott sesong
Styret i korpset vil med dette takke alle medlemmane og foreldra for ein flott innsats i året som har gått.
Etter ein litt tung start i haust då mange av dei eldste i korpset slutta,
måtte vi berre senke nivået litt og fortsette med dei vi hadde igjen, og dei har hatt stor framgang i året som har gått.
Vi har eit stort aspirantkull på 8 stk, samt drillen med 10 medlemmer så vi er på rett vei med tanke på rekruttering vidare for korpset.
Som dei fleste veit så greidde vi ikkje å stille med skulekorpset i 17.mai toget,
men som de såg på opninga av kunstgrasbana er vi no tilbake der vi skal være,
og det er takka være marsjøvingane ilag med Haddal Skulekorps og stemnet på Nordfjordeid der vi
også marsjerte ilag med Haddal.
Denne sesongen hadde ikkje vore det same utan den hjelpa vi har hatt frå foreldre som
stiller trufast på øvingane, og også tidligare musikantar som har stilt opp og hjelpt.
Det er gledeleg for oss i styret er at alle i hovedkorpset har sagt seg villige til å være med vidare,
noko som betyr at vi har eit godt utgangspunkt for neste sesong.
Og ikkje minst vil vi rette ei stor takk til våre instruktørar: Linda, Susann, Martine og Pernille.
TUSEN TAKK ALLE SAMMEN, HA EIN FIN SOMMAR!
Og husk: det er lov å spele i ferien også! :-)
Etter flott initiativ frå koprset hadde vi ei flott helg med overnatting, øving og ulike aktivitetar på Gursken skule. Deltakarar var aktørar i hovedkorps og aspirantar. Vi starta med kosekveld fredag der vi åt pizza ++, såg film og for dei som ønska det-aktivitetar i gymsalen. Natta tilbrakte vi på skulen, nokre sov og andre så moglegheita til å rangle litt . Etter frukost på laurdag hadde ein to flotte økter med øving før dagen vart avslutta med fotballturnering. Søndagen hadde aspirantane øvingsdag i lag med Varden (aspirantar). Helga vart avslutta med korpskafe på Breidablikk i lag med Varden. Ei kjekke helg som gav meirsmak. Dette skal vi gjere fleire gongar.
Klar for natta eller midt på natta? Ikkje godt å vite.
Klar for natta eller midt på natta? Ikkje godt å vite.
21.JUNI: GURSKEN SKULEKORPS PÅ TUR TIL SCARBOROUGH
No er det kun få
dagar att til korpset reiser på sin første utanlandstur. 49 born og vaksne er
klar for ein 5 dagerstur til Scarborough i England. Mandag 21. juni må alle
vere klar kl 04:30 (gjesp) for bussturen til Bergen lufthavn, Flesland. Vi
kryssar fingrane for at vekterstreiken er over, men har kalkulert med god tid i
tilfelle lang kø i sikkerheitskontrollen..
Vi reknar med å vere
framme i Durham Tees Valley mandag kl 16.25 (lokal tid). Der vert vi møtt med
buss og guide av arrangøren "Club England". På turen til Scarborough
skal vi besøke Goathland, kjend frå NRKs Aidensfield og den berømte
jernbanestasjonen fra Harry Potter filmane. Det vert også sightseeing med buss
i Scarborough ved ankomst der.
Tirsdag, onsdag og
torsdag byr på mykje spennande: Jorvik viking-senter, Flamingoland
fornøyelsepark, The Minister (katedralen), tivoli, diskotek, fritid med
shopping og sjølvsagt konsertar. Vi har med oss ikkje mindre enn 204,3 kg
(nøyaktig målt i vekt, lengde, bredde og høgd!!) med instrument. Så det er
klart vi skal glede britane med flott, norsk korpsmusikk;)
Fredag kl 12.45 er
det retur til Norge. Forhåpentligvis med mange gode minner og flotte
opplevingar i bagasjen! Vi får kome attende til eit reisebrev med meir detaljar
frå turen vår seinare. Lykke til og "bon voyage" til alle i Gursken
skulekorps!!!
Spennende linker som seier meir om turen og det vi skalkan oppleve:
http://www.clubengland.net/Scarborough_festivalbrosjyre_2010_web.pdf
http://www.flamingoland.co.uk/
http://www.jorvik-viking-centre.co.uk/
http://www.nymr.co.uk/
Søndag 14 mars hadde mange funne vegen til Gursken skulekorps sin musikk-kafe. Hovedkorpset opna med ei avdeling der dei spelte Londonderry Air og St. Louis Blues March. Madeleine Hauge Hide spelte solo på euphonium på det første stykket. Det var veldig flott! Etterpå fekk vi høyre 3 små stykke framført av dei 4 andreårs-aspirantane. Dei også hadde jobba godt i helga og vert eit fint tilskudd til hovedkorpset etterkvart. Drillen hadde trena på to dansar, hattedansen og eit line-dance nummer. Det var flott å sjå dei 5 drilljentene og drillinstruktørane, mange trinn å hugse på!! Hovedkorpset avslutta med Beat It (M. Jackson) og The rose. Vi fekk også Da Capo på dei to første stykka.
Publikum kosa seg med kaffi og kaker, og loddsalget gikk unna i ein fei. Vi takkar så mykje for støtta!
Frametter våren vert det mange oppdrag for korpset i fjorden vår. I april skal vi til Fredtun i Gjerdsvika på musikkbesøk, så kjem 17 mai og tur til England 21 juni.
Musikkafe med Gursken skulekorps søndag 14. mars kl 16
Søndag 14. mars kl 16 inviterer Gursken skulekorps inn til musikk-kafe i gymsalen på ungdomskulen. Her vert det mykje flott program av korpset! Aspirantane, drilljentene og sjølvsagt hovedkorpset vert med. Musikantane skal samtidig ha øvingshelg den helga, og då er det kjekt å få vise fram kva dei har fått til i løpet av helga. Det vert nokre timar med øving, men på laurdag vert det også tid til eit dykk i bassenget for musikantane.
I tillegg til mykje fint program vert det loddsalg og sjølvsagt kaffi og kaker. Du kjeme vel?:)
Gursken skulekorps spelar til dåp 9. mars kl 12
Tirsdag 9. mars skal Gursken skulekorps spele til dåp på Myklebust Verft. Denne gongen er det båten Siem Sapphire som skal døypast. Dåpen skal vere kl 12 og korpset vil spele flotte marsjar ca 20 min før. Nasjonalsongen høyrer sjølvsagt også med i ei slik anledning.
Korpstur til England, 4. februar.
Ei foreldregruppe i korpset har sidan juli -09 jobba med ein tur til Scarborough Music Festival. Turen er planlagt til slutten av juni og korpsmusikantane gler seg til å få reise. Det er første gong at korpset er på utanlandstur og det er eit stort lyft å få dette planlagt og gjennomført. Mange ting er enno på planstadiet, men ting har så smått byrja å falle på plass. Mest truleg skal korpset reise frå Bergen med Club Englands direkte festivalfly til Tees Valley flyplass, som ligg ein drøy time frå Scarborough.
Det endelege turprogrammet er enno ikkje i boks, men turoperatøren byd på mykje spennande bl.a; konsertar, parader, konkurranser, vikingbyen/museet York, Moors nasjonalpark med bl.a "Aidensfield", Whitby, Flamingoland fornøyelsespark, Eden Camp, Castle Howard, Sea Life Center og mykje meir.....;)
Meir info kjem etterkvart som ting blir klare.
Årsmøte i Gursken skulekorps 10. februar kl 1900
Onsdag 10. februar kl 19.00 vert det årsmøte i Gursken skulekorps. Møtet vert på ungdomskulen. På sakskartet står bl.a val og saker innkomne frå medlemmane.
Vel møtt!
Dugnaden fullført!! Onsdag 3. februar
Tirsdag kveld kl 23.30 gjekk dei siste foreldra på land etter kjempeflott sluttspurt i vaskinga. Stiv og støle både her og der, men veldig glade for at jobben no var fullført. Båten vart rett flott!!!
Dugnadsvask av KV Bergen på Myklebust, 2 februar 2010
Søndag 31. januar starta vi vaskinga av kystvakta KV Bergen. Både mandag, tirsdag og onsdag vil den flotte foreldregruppa til skulekorpset stå på for å gjere båten klar til overlevering 3. februar. Pengane vi får for denne jobben vil gå uavkorta til Englansdturen som korpset skal på til sommaren.(Meir info om dette snart.) Det er andre båten vi no vaskar på Myklebust og foreldregruppa fortjener stor honnør for innsatsen dei har lagt ned for skulekorpset!!
Julegrantenning på Vonheim Søndag 29.nov
Gursken skulekorps inviterer til julegrantenning med stor juletombola på Vonheim søndag 29.november kl.17:00.
* Hovedkorpset * Aspirantar * Minimesse; sal av gamle instrument, julekaker og handarbeid * Tombola * Åresal * Kaffi og kaker * Trekking av loddboka
Info om festivalen vi skal på i sommar
2008-05-02
Sjå eiga internettside av sommarlandfestivalen
Klikk deg inn på www.sommarlandfestivalen.com
|
|
 |
|
|
|