FORSAMLINGSHUSET VONHEIM

Årsmøte i Vonheim 05.02.2012 kl 18:00

Søndag 5.februar klokka 18:00 er det årsmøte i forsamlingshuset Vonheim.

Sakliste: 
1. Godkjenning av innkalling
2. Val av ordstyrar 
3. Val av sekretær
4. Styret si årsmelding
5. Styret sitt rekneskap
6. Evt vedtektsendring, konstituering av styret
7. Val 

Vel møtt

- Styret for Vonheim- 

Vonheimsøndag 2.oktober

Søndag 2. oktober vert det potetball på Vonheim og skulle det vere behov for noko søtt etter på så er det berre å hive seg i kake etinga.
Dørene opnar kl 13.00.

Det vert ellers kaffe, kaker, pølser og brus. Åresal, tombola og trekking av bok.

Vi får besøk av blant anna Møyfrid Tveten som skal stå for det kulturelle innslaget for dagen.

 

Legg søndagsruta til Haugsbygda og Vonheim for eit godt måltid og ein trivelig ettermiddag saman med oss. 


Hausten 2011 på Vonheim!

Vi gjentek suksessen frå hausten 2010 og inviterar til 


Sosialt samvær i kjellaren den 24.september. Det vert servering av kvit Bacalao fra Vegard sitt berømte kjøken, og musikk fra stereoen. Vi har og i år som ifjor ein flott sambygding som ordnar showet, så det vert god stemning med gitar og sang. Er du nysgjerrig? Meld deg på og ta turen på Vonheim. Inngang inkludert mat 250,- pr/pers. Det gjeld å vere tidleg ute med påmeldinga for her vert det fort fullt! 

Påmelding via SMS eller telefon innan den 19.september til Camilla:90729780. Arrangør er styret med fleire.

 

2. oktober  arrangerer vi den tradisjonell Vonheim-søndag med servering av middag, sal av årar, tombola, kaffi og kaker. Det er rode 1 som står for middagen og rode 3 som står for kafeen. Menyen og programmet er det rodene sjølve som bestemmer. Meir info kjem.

 

05. november Kjem endå ein suksess tilbake til Vonheim!  De i populære Gurskenvenane; ”Living Earth” er tilbake for å gi oss ein kjempeflott kveld på Vonheim. 

På Flan Booking si heimeside kan vi lese følgende:

Living Earth er et humørfylt orkester som har lang fartstid sammen og er et av de mest populære orkester på Nordvestlandet. De innehar lang erfaring og allsidighet, og har en særegen evne til å underholde publikum i alle aldre.  Living Earth går på scenen med dette i fokus: Det skal låte bra, swinge bra og alle som er til stede skal ha det kjekt! Bandet er etterspurt som backing-orkester for flere kjente artister.

Så alt ligg til rette for en kjempekveld på Vonheim med fullt trykk fra scena. Påmelding vert via sms eller telefon, så vær tidleg ute for her vert det trangt om plassen. Meir info om påmelding og arrangementet kjem, så følg med. Det er rode 2 som er ansvarlige for dansen.

VONHEIMSØNDAG 10 april.

Søndag 10.april kl 13:00 i Haugsbygda vert det tradisjonell Vonheim - søndag med servering av middag, sal av årar, tombola, kaffi og kaker.
På menyen står kjøttkaker med tilbehør.

Det vert også flotte innslag frå scena; 
Martine Almestad og Kristian Vågen skal synge og spele. Ching-A-Ling skal danse. Desse var blant Sande sine bidrag i fylkesfinala i Ungdommens Kulturmønstring! 
Vi er også så heldige at Gursken skulekorps kjem for å spele for oss og drillen vil opptre. 

Ta turen til Vonheim for ein hyggeleg ettermiddag ilag!
Vel møtt

Stor-dans med Living Earth


Vi ønskjer deg og dine vener velkomen til årets stor-dans på Vonheim i Haugsbygda laurdag 13 november 2010 kl 2000–0200.

Billett kr 250,- (inkl. reketallerken).

 

FØREBUING …

Vi startar kvelden med kvite dukar og hyggeleg vertskap som serverer reketallerken med godt brød, aeoli og olivenolje som tilbehør.

NB: Serveringa går føre seg mellom 2000 og 2200.

Vel møtt til ein hyggeleg kveld med eit av Sunnmøres beste danseband.

Påmelding til: Gunn, 91 64 30 37,  eller til Olav, 93 05 99 59.

Husk å invitere med vener og kjende  J .

Arr: Forsamlingshuset Vonheim

Fårikål på Vonheim søndag 3 oktober

Søndag 3. oktober serverer vi nydelig fårikål på Vonheim og skulle det vere behov for noke søtt etter på så er det berre å hive seg i kake etinga.
Dørene åpnar kl 13.00.

Det vert ellers kaffe, kaker, pølser og brus. Åresal, tombola og trekking av bok.

Vi får besøk av Herøy Brass som skal stå for det kulturelle innslaget for dagen.

 

Legg søndagsruta til Haugsbygda og Vonheim for eit godt måltid.

Bygdekafe startar opp att onsdag 29.september

No kan vi gå på kafe i Gursken igjen.
Onsdag 29.september  frå klokka 17:00 er det open kafe i kjellaren på "Vonheim".
Her kan du treffe bygdafolk over ein kaffi  med noko attåt.

Haugsbygda kvinne- og familielag arrangerer, og det blir open kafe  27. oktober og 24 november også.

Velkomen!

Hausten 2010

25 september vert det sosialt samvær i kjellaren. Skal vi kalle det åpninga av ”Klingenberg”? Det vert servering av kvit Bacalao fra Bente`s Fisk & Catering, og musikk fra stereoen. Men har du ein trubadur eller ein komanda stand-up komikar i ”magen” eller anna underholdning? Ta utfordringa!! Uansett er det ein sambygding som alt har teke den, så det vert Øystein Sunde-musikk med gitar og sang. Er du nysgjerrig???? Meld deg på og ta turen på Vonheim. Inngang inkludert mat 200,- pr/pers. Påmelding via SMS eller telefon til Heidi: 98 81 68 07. Arrangør er styret med fleire.

 

3. oktober arrangerer vi den tradisjonell Vonheim-søndag med servering av middag, sal av årar, tombola, kaffi og kaker. Det er rode 3 som står for middagen og rode 1 som står for kafeen. Menyen og programmet er det rodene sjølve som bestemmer. Meir info kjem.

 

13. november arrangere vi dans på Vonheim med det populære dansebandet ”Living Earth”. På Flan Booking si heimeside kan vi lese følgende:

Living Earth er et humørfylt orkester som har lang fartstid sammen og er et av de mest populære orkester på Nordvestlandet. De innehar lang erfaring og allsidighet, og har en særegen evne til å underholde publikum i alle aldre. Living Earth går på scenen med dette i fokus: Det skal låte bra, swinge bra og alle som er til stede skal ha det kjekt! Bandet er etterspurt som backing-orkester for flere kjente artister.

Så alt ligg til rette for en kjempekveld på Vonheim med fullt trykk fra scena. Påmelding vert via sms eller telefon, så vær tidleg ute for her vert det trangt om plassen. Meir info om påmelding og arrangementet kjem, så følg med. Det er rode 4 som er ansvarlige for dansen.

VONHEIMSØNDAG 11. april kl 13.00

Da er det klart for ein ny Vonheimsøndag.

I vår er det rode 4 som står for koking av middagen og rode 2 står for arrangementet. På menyen står det Svinesteik m/tilbehør. Elles vert det sal av kaffi og kaker, pølser og brus, tombola, åresalg og boka skal også trekkjast.

 

Den kulturelle delen er det Gursken Skulekorps som har takka ja til og det er vi svært glade for.

 

Før påske hadde vi storreingjering på huset der nesten 40 personar deltok og styret er svært glade for det store frammøtet. Huset vart vaska frå kjellar til loftstrapp, alle stolar og bord vart vaska og renska for ”tyggisklekkse”, tak og veggar vart gjort reine. Huset er mykje utleigd så det gjer godt å få ta ei skikkelig overhaling kvar vår. Golvet i salen oppe pluss 2 gangar har vorte behandla av ISS og er no ei fryd å vaske.

 

Det nye selskapslokalet i kjellaren er dekorert med flotte bilde av båtar som har hatt tilhørighet i bygda. Alt frå tidleg 1900-talet til dags dato. Det er  også hengt opp motiv frå aktiviteten som var på Klingen med notbøting og salting av sild. Mange ansikt som mange sikkert kjenner at.

Om det er båtar du saknar så er styret takknemlege for informasjon og bilde.

 

Ta turen til Haugsbygda for ein betre middag og sikkert like god prat.

 

Vel møtt !!

 

 

Bygdekafe startar opp att

No kan vi gå på kafe i Gursken igjen.
Onsdag 24.februar  frå klokka 16.00 er det open kafe i kjellaren på "Vonheim".
Her kan du treffe bygdafolk over ein kaffi  med noko attåt.

Haugsbygda kvinne- og familielag arrangerer, og det blir open kafe  24. mars og 21 april også.

Velkomen!

HAUSTENS VONHEIMHELG 18 okt

Klokka 1400 søndag 18 oktober er det klart for haustens Vonheimhelg. Av ymse årsakar er det i haust arrangement berre på Søndag. 
På menyen står Ball med tilbehør, kaffi, kaker og det som elles høyrer med.

Det blir:

Tombola
Åresal
Trekking av bok

Mini-Messe i kjellaren                  UNDERHALDNING:

- EB Klinikk                                 Song ved Trestemt
- Tupperware                             Trine-Lise A. Vik
- Britt Muren                              Mathilde H. Saure
- IN v/Lijie Tveten                       Helena Brekke
- Gode Greie                              Ingvild Hagen på piano 
                           
                                                Line Dance oppvisning

                VELKOMNE!!!!!!!!!!

2009-04-20: Da er det klart for vårens Vonheim helg

Fredag fra kl 18 og utover er det Klovnen Klomse som er den store begivenheten, ca 18.30-20.30. Med komisk trylling, ansiktsmaling og figurballonger vert det god underhaldning for store og små. www.klovnenklomse.no.
Det vert også taco restaurant, disco, tombola, kiosk og andre aktiviteter.

Laurdag 21.00-02.00 er det lagt opp til ein uformell kosekveld med reker og skaldyrsuppe som vert tilberedt av Vegard Longva. Utan levande musikk utfordrar vi gjestane til å ta med instrument som dei spelar sjølv. Her legg vi stor vekt på den sosiale delen.

Søndag er det kjøtkaker med tilbehør på menyen. Her er det Kurt-Ove Longva som syter for at smaken vert perfekt. Når du også får kjøpe riskrem eller kake til dessert set det prikken over ien. Åresal, tombola og trekking av boka kan gjere dagen heilt perfekt.
Vi skal også ha song/musikk på scena. Mathilde H. Saure, Trine-Lise A.Vik og Helene R. Brekke som gjorde det svært bra på UKM Sande og gjekk vidare til fylkesmønstringa der dei fekk svært god kritikk.
Gursken skulekorps har det siste året hatt eit kjempeløft med ny dirigent, Inge Jonny Hide,
og er på vei til tidligare høgder.
Vi får også høyre 1. og 2. års aspirantane som jobbar minst like hardt som dei eldste

2008-04-07 Asfalt på parkeringsplassen

I 2005 asfalterte vi rundt forsamlinghuset. Det vart trivelig og reint for både bilar og folk

2008-04-07 Bygdevandring ved Juliabuda

Mange møtte opp på bygdavandring ved Klingenområdet i oktober 07